Viking & Villrein – Haustmarknad 2022

Velkommen til haustmarknad i regi av Viking & Villrein!

Vi inviterar til ein flott dag med aktivitetar, konsert og moglegheit for utstillarar å selge sine produkt i Hegni friluftsområde på Hovden.

Her kan store og små, unge og gamle, teste ut smiing og ildopptenning med eldstål, få omvisning på Jernvinnemuseet, prøve seg på lassokasting og skyting med pil og boge. Forskjellig mat blir det også å få kjøpt, blant anna blir det matlaging i kokegrop – slik ein gjerne lagde maten i eldgamle tider.

Vil du teste ut vekta på ryggsekken til ein reinsdyrjeger som har hatt hell på jakt? Eller høyre meir om «urdyret» og den heilt unike villreinen som fekk folk til å busette seg i områda våre etter siste istid? Det finnes mange kulturminner i fjellet, meir eller mindre kjente, som fortel historiar. Dette og anna blir det også moglegheit for å få eit innblikk i.